torsdag, mars 08, 2007

Så var dagen her

Nå er dagen endeleg her! Den me har sett fram mot i atskillege månader. Vår dag; der me får feira vår kvinnelegheit på høveleg vis.

Me har sjølvklårt eit rikhaldig program i Tilsammans, og held det gåande heile dagen. Så det er berre å stikka innom, om ein kjenner at det vil vera fint å feira dagen saman med oss.

Her kjem nokre tips for gjeremål på denne festdagen. Kom gjerne med dykkar tips òg!
- start dagen med passande oppbyggande lektyre f.eks Det annet kjønn
- fortsett så med skapingsberettinga, om den fyrste kvinna; vår alles mor
- ta ein tur ned til Youngstorget og ta del i folkefesten.
- skriv ein song om bh`en som tvangstrøye, og ta den med til Youngtorget for framføring
- lag ein plakat, som du bèr med deg gjennom byn med slagordet: Eg er meir enn bare pupper og lår
- Høyr på Jenny Jensens (eller var det Heidi Hauges) sang; nå får du pinadø vaske klean dine sjøl.
- Shania Twain er òg passande musikk på slik ein dag
- Skriv eit krasst brev til Nidar, der du går til angrep på det negative kvinnesynet deira, som kjem til syne gjennom Seigedamene sine overdimensjonerte hofter.
- Filosofer over kva ein i kraft av å vera kvinne har å tilby verda

Ha ein flott dag, jenter.
Gratulerer så mykje med dagen!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hvis man skal skrive et krasst brev til Nidar så må man passe på å få med hele sannheten om seigdamene. For det er nemlig slik at seigmenn og seigdamer har akkurat det samme volumet. Men for å kompensere for de store hoftene og puppene, så har hodet blitt mindre.. Det er garantert ikke en dame som har laget seigdamer!

En annen nyttig sak å ta opp på en slik dag er brostein, som er rikitg så kvinnefientlig. Det er jo noe drit å gå på sånne skrukkete brostein med høye hæler..

Stå på krave jenter: Nei til seigdamer og brostein!