![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEju1xsMunnlg5iJ9DfueEt6vPDvXn2YK8P_ILA6DOHmOWo_s8Gx407SxLRh4fphBNU6N8rhs8YBj4A5wZHm4HtjT85OEI2bTEZIw4szfDXNdWQdhq0OkVBVKhgW2ayk0aonrr_0/s400/IMG_0664.jpg)
I forrige veke sov vi ute under open himmel. Det er noko spesielt med det å sovne under stjerneklar himmel og vakne opp i dagslys. Eg liker det. Spesielt når eg kan ligge like utanfor stueveggen i mi eiga dyne :) Målfrid, Ingrid og eg (med gjesteopptreden av Gretha) campa på verandaen, friluftsjenter som vi er. Gretha var opptatt med å lese til eksamenen, og 'sov' inne. No er ho ferdig, flinkejenta! Gratulerer - vi er stolte av deg!
Aleine-heime-i-Gardeveien-helsing fra Bente