onsdag, november 29, 2006

No skal me slutta å lukta


Rommet de ser her har vore til mykje besvær for oss fire jentene den siste tida. Etter å ha fått forbod mot bruk av badet i ei heil veke, er det ei lukke og glede å få vaska klede, og dusja i eige hus igjen.

Så kom på besøk, for no er hygiene atter eit tema i Gardevegen.

Helsing Ingrid

mandag, november 27, 2006

Adventskick-off

Det er tidlegare annonsert at det vert adventskick-off i Gardeveien fyrstkommande helg. Denne hendinga finn stad lørdag 2.desember.

Det vert ein kveld reinspikka med aktiviteter. Blant anna kan nemnast baking, juledans, synging og årets første julegløgg

I går var me så heldige å få laga eit bordvers spesielt til Gardeveien. Då kom Knut og Johan med gitaren og nok ein nyskreven song. Den vil me gjerne dela med våre trufaste bloggvener.

Gardeveiens bordvers

Lang, lang
lang er vår reise i livet
sammen vi spiser
sammen vi drikker

Vann, vann
alt som skal til er litt kaffe
traktet med kjærlig hånd
traktet med kjærlighet

Regn, regn
solas vikar på en grå dag
skaper det grønne
på plenen vi synger ut

Tilsammans vi spiser her
takk til Gud som gir oss bær
som vi lager sylte av
etter tur i marka

Kom, Kom
kom som du er, og vil være
kjente og kjære
nå starter vi måltidet

Tilsammans vi spiser her
takk til Gud som gir oss bær
som vi lager sylte av
etter tur i marka

mandag, november 20, 2006

Statuttar


No er søndagen til ende, og det tyder byrjinga på nok ei veke. For å oppsummera veka som er gått i Tilsammans, trur eg det kan gjerast i eit ord: Statuttar!

Dette ordet er for oss ikkje lenger det same. Det byrja med at Bente sat på skulen sin og fann ut at ho skulle laga nokre retningslinjer for heimen vår. Ho kom då gledestrålande heim med eit flott ark ho kalla statuttar for Gardeveien. Dette skrivet endte med ein stor diskusjon rundt kjøkenbordet. Diskusjonen enda så i at alle gjekk kvar til sitt, og skreiv sine eigne statuttar for Tilsammans.

Når me no har samla desse statuttane, ser me at me har lang veg å gå. Dei fleste av desse statuttane går litt på tvers av einannan. Dei omhandlar alt frå lengden på lufttørking av oppvask, til felles leggetider og ikkje minst eit overordna verdisyn av det annet kjønn.

Me går no inn i ei ny veke med knallharde forhandlingar om kva slags syn som skal vera gjeldande i Gardeveien, og vonar at denne prosessen vil verta styrkande meir enn nedbrytande for fellesskapet vårt.

Med Helsing Ingrid

Tapas


Eg sat å la inn bilete på datamaskina mi nettopp. Deriblant låg eit minnerikt bilete frå då eg var i Spania med diakoniklassa min nyleg.

Eg har alltid hatt eit godt forhold til Tapas som matrett. Det er liksom litt eksotisk og spennande. Då eg skulle til Spania, tenkte eg at der får eg nok gode tapas. De kan sjølv ta ein kikk på biletet, og sjå om det ser fristande ut...


fredag, november 17, 2006

Viktige datoar framover

Tenkte å komma med nokre datoar for kva tid våre vener må setja av tid
  • Søndag 19 nov. Middag i det fri. Vår planlagte utesoving vert islagt, og omgjort til middag og bål søndag. Det er meldt fint ver, så ta med noko som kan tilbereiast på stormkjøkken eller bål og bli med
  • Fredag 1.des er det duka for vinterens vakraste eventyr i Tilsammans. Årets advents-kickoff er hendinga. Frå den dag er det berre julemusikk som skal strøyma ut av høgtalarar i Palasset. Me skal laga pepperkake-leilighet, drikke årets første julegløgg og det blir urframføring på årets juledans. Alle som vil starta julefeiringa i trygge omgjevnadar er velkomne.

Helsing Ingrid på vegne av Tilsammans

mandag, november 13, 2006

Vårt liv


Spørsmål:

Kva gjer me i Gardeveien for tida?


Riktig svar sendes til
Gardeveien 2C

tirsdag, november 07, 2006

Det va ein gong in frosk som hoppa over veien


men den va rosa
Ellers e livet her i Gardeveien jysla bra. Me trivest i lag, og slosskampane e kje altfor store. Snøen kjeme og går, og solå kjeme og går, men humøret e alltid bra=)
Så e d bare t stikka innom når dokke føle for d:)