lørdag, mars 17, 2007

De ting man aldri visste

Me er blitt tikka av Arnhild!

Dette tyder at me må skriva 6 saker som ingen veit om oss, eller 6 rare ting om oss sjølv. I og med at me er relativt opne om våre liv og levnader, veit eg ikkje om det er så mykje allmuen ikkje veit allereie. Likevel tek eg på meg oppgåva å grava fram nokre ting om oss som kanskje kan rysta nokon, eller bistå til at de vert enno betre kjend med oss, og med det vert meir glade i oss.

Tilsammans er i endring. Eg vil dra det så langt som å trekka parallellar til gamleheim-tilstandar. Så eg kjem no med 6 omveltande punkt som kan understøtta dette utsegnet:

  1. I det siste har me måtta registrera dobesøka våre
  2. Ungdommelege forslag som onsdagspils vert møtt med negativitet pga stressfaktoren dette vil føra med seg midt i veka
  3. Vestlandslefse er blitt fast kveldskos
  4. Me har ikkje hatt Partypalass-fest på uminnelege tider... Ja, dette er rystande info.
  5. Klineromma vert så godt som ikkje brukt
  6. Nokon av oss har byrja med permanent igjen. Hårrullar neste, kan ein spørje seg?

Desse opplysningane er kanskje vanskelege å fordøya, men me er eigentleg ganske som før. Og som einkvar gamleheim elskar me besøk, spesielt om dei har med gitaren, forkynner litt Guds Ord og har med kake.

Ein ting til; me skal endra navnet vårt frå Tilsammans til Vore Fruers Hvile

Helsin Ingrid- på vegne av Vore Fruers Hvile

6 kommentarer:

Tilsammans sa...

Bra jobba ingrid! Forstår at du får tenkt og filosofert ganske så møje når du sitte oppe heile nettene og jobbe! Du e kreativ. Men e litt uuenige i någen av punktene dine. Me har jo festar, e bare d at du aldri e her, og du går dermed glipp av festane våre. Men nå e m i gang m å planlegga ein nye fest, så då e d sjangs at du får ver m. Dokonkuransen e øve, og någen har masse energi t å finna på ting. Men eg syns du e flinke å skriva, eg=) Bra jobba! Står fortsatt fast på d gamla navnet vårt=) Jippi

Tilsammans sa...

men har me tikka någen vidare?

Anonym sa...

Me har ingen tikka videre. Og så lure eg på ka som skjedde med dokonkurransen? Komme det någen ittespel, eller har eg registrert min vannlating til ingen nytte?

Arnhild sa...

Ingrid!
Eg må bare le! Hurra for denne kjekke bloggen og vor frues hvile! Eg bøye meg i alt støv som finnes.

Håpe du ska skriva deg ei bok snart. Den vil eg ha.

Anonym sa...

Ok - dokonkurransen er over, og premieringen er for så vidt klar. MEN tenker vi får ta den høytidelige utdelingsseremonien etter påske - slik at alle deltakerne får anledning til å være med... Forresten, hadde det vært en ide å fortsette med en litt mer spesifisert dokartlegging? Tenker på hvorvidt man bommelibommer eller bimmelibimmer...

Tilsammans sa...

E du Gretha skurketrekker`n? festligt. eg e i mot meir spesifisering av dokokuransen..... kan bli litt vel personligt......... hehe....... åsså får eg så møje arbeid å skriva ner alt=) hehe. Lev livet