lørdag, desember 16, 2006

Flyr du heim til jul?

Då eg flytta til Oslo denne hausten, tenkte eg at no skulle eg gje nasjonalsporten vår, skigåing, ein sjanse. Det har eg på ingen måte fått gjort til no i år. I går kunne eg til og med farta rundt utan jakke, og det er ikkje vanleg for frysepinnen Ingrid på denne tida av året.

Siste månaden har ein prata mykje om global oppvarming over heile verda. Vintrane vert varmare for oss nordmenn. Afrika vert ennå varmare for Afrikanerane, og ekstemt ver kjem berre til å tilta i mengde og styrke. Dette er kjempealvorleg, og teikn som ein absolutt må byrja å gjera noko med.

Medan me ventar på at regjeringa vår skal innsjå at bygging av gasskraftverk utan reinsing er arrogant, tankelaust og kortsiktig tenkt. Og medan me nordmenn snart må sjå at det er utruleg mykje unødvendig bilbruk rundt omkring i heile landet, men spesielt i byane, er det eit par ting me kan gjera.

- Gå inn på denne linken og bli med å skriv under på oppropet om at nå må Noreg vera med å ta tak, når det gjeld å redda klimaet: http://www.opprop.no/opprop.php?id=klima

- Skal du som meg og Målfrid fly heim til jul? Då må du gå inn på www.mittklima.no Her kan du betala for dei utsleppa du er med på å skapa når du vel eit miljøfientleg alternativ.

Miljøhelsing frå Ingrid

onsdag, desember 13, 2006

Ny adventshending

På laurdag er det tid for nok ein liten adventsfest i Tilsammans. Dette skjer lørdag 16.12 kl 20.00. Som seg hør og bør vil denne hendinga selvfølgelig vera reinspikka med aktiviteter, og denne førjulskvelden inneheld eit rikhaldig program for einkvar smak.

Alle som har lyst til å komma må ta med seg ei lita gåve. Denne skal ikkje gå til oss som held festen, men skal brukast til allemenn gleda i eit av programpunkta. Denne gåva treng ikkje å vera dyr eller flott, men om du ser nytte- eller nyteverdien av gåva, er den meir enn god nok for oss. Kan vera ny eller brukt, liten eller stor, tjukk eller tynn.

Alle som vil er velkomne!

Helsing Ingrid

søndag, desember 03, 2006

Så er advent i gong


Verkelegheitsteppet er på plass i Festpalasset. Advent er offisielt ynskt velkomen. Det er med andre ord juletid i Tilsammans.

Lørdag hadde me ei særdeles triveleg hending i heimen. Stova vart fylt opp av feststemte vener. Julemusikken strøymde ut frå små høgtalarar, og duft av pepperkaker sveiv ut av kjøkenet.

Av høgdepunkt kan me nemna at me fekk helsa på Trygve sin nyaste erobring. Sidan me vart så glad for kjærleiken som blomstrar, skal dei få bilete av seg på bloggen. Jostein kom og spreidde glede og fjør i heile stova med nissehua si, og melkekartongleiken bidrog til at me fekk synleggjort kven som er den sprekaste i Tilsammans.


Elles laga verkelegheitsteppet ei uvurderleg ramme rundt heimen, og gjorde sitt til at kvelden vart magisk.





Med helsing Ingrid på vegne av Tilsammans