tirsdag, oktober 24, 2006

Vår alles kjære Gretha

halloen



Nå skjer d litt lide på blogen vår, så då må me vel bare pjatta litt. Me har d jysla bra i partypalasset vårt. Og e alltid klar for besøk=)

onsdag, oktober 18, 2006

Fårikål hos Marte

Vår alles kjære Marte inviterte heile partypalasset på fårikål. Det var bare heilt fantastisk, så hu kan anbefalast. Alle guttar sjå her, Marte e singel, og hu e husmorsemne de lux, kjør på!
Me vil takka hu for den goe maten, og anbefala fleire om å be oss t middag...=) Hehe, neidå. Men me e jysligt glae i besøk, så d e bare t stikka innom ka ti så helst for kim så helst=)

tirsdag, oktober 03, 2006

Det er kome inn ein klage




Sidan sist er det innkome ymse klaging på at det er dårlege bileter som kjem opp på bloggen vår. Eg skjønar ærleg talt ikkje heilt kva det skal tyda, men skal prøva å sjå om nye bilete kan gjera våre ivrige blog-vener til lags.

søndag, oktober 01, 2006

Glimt frå innflytningsfest









Lenge har lite skjedd på bloggen vår, men det tyder ikkje på at me har logge på latsida. Neida! Mykje har skjedd. Me får oss kjærastar, er saman med kjærastar, går på daitar, nyt livet i Oslo-omegn, les til eksamen, får besøk, og snakkar mykje, mykje, mykje om gutar, forhold, livet, små og store problem, kvarandre og alt anna som er artig. Livet er med andre ord bra i Partypalasset.


Den største hendinga var likevel då me for ei god stund siden hadde ein heidundrande innflytningsfest, der me fekk innvia leiligheten på godt gamaldags vis. Det vil seia å gjera slik me gjorde då me var 20, ved å sjå kor mange folk det går an å putta inn i ein leilighet på ein gong. Sidan vi har veldig god plass, vart det rom for både salsa, limbo og musikaldans på Målfrid sitt eigne dansegolv, samt kakeeting, knasking og småprating på kjøkkenet og ja, henging i gangen, på stova og såklart terrassen.