torsdag, mars 29, 2007

God påske

God påske ønskes te adle frå oss i Partypalasset/Gardeveien. Husk påskens budskap, et egg (og bygg musklar... ;) ), nyt solå, ta deg ein skitur og nyt livet! Halleluja

Her sko d vore bilde av ein kylling, men han ville ikkje inn. så då får an bare ha det så godt.
Men håbe dokke har ein lika fine påske for d om=)

FINSE - Halleluja
























Då va det tid for å skriva om vår fantstiske himmelske helg på Finse. Kan ikkje beskrivast med ord, men eg skal prøva så godt det lar seg gjera. På fredag sette me oss på toget med ski og sekker, kjempeklare for å komma oss litt vekk frå storbyen. FRIHET! Det va Bente, Marte, Ranveig, Tone og meg frå Oslo, Therese, Maria, Bodil og BjarneHåvard frå Bergen, og Halvard, Kjelli og SvenBjarne frå Finnøy og Bjerkreim. Herlige gjeng!




Vakna opp t overskya ver og vind på lørdagen. Ikkje akkurat det me hadde håpt på, men la nå ut på tur aldri sur, for det om. Då me kom opp på fjellet, openbarte sola seg for oss, og me vart alle fyllt av ein indre glede=)



Møje lek, hopping, goe mat (biff frå Halvards eigen stut), fantastiske folk, rakettar, sol, snø, blåe himmel, koselige hytta, og alt det ein kan ønska seg...... Halleluja.






Neste måronn lurte eg meg ut på tur mens dei andre ennå sov. Strålande sol som nettopp hadde stått opp, heilt blåe himmel, vindstille. Eg hadde heile fjeddle for meg sjøl, ein heilt himmelsk opplevelse som kan anbefalast på det største=)






Vil bare takka alle som va m for ein fantastiske tur!!!! Håbe det blir ein tradisjon!









lørdag, mars 17, 2007

De ting man aldri visste

Me er blitt tikka av Arnhild!

Dette tyder at me må skriva 6 saker som ingen veit om oss, eller 6 rare ting om oss sjølv. I og med at me er relativt opne om våre liv og levnader, veit eg ikkje om det er så mykje allmuen ikkje veit allereie. Likevel tek eg på meg oppgåva å grava fram nokre ting om oss som kanskje kan rysta nokon, eller bistå til at de vert enno betre kjend med oss, og med det vert meir glade i oss.

Tilsammans er i endring. Eg vil dra det så langt som å trekka parallellar til gamleheim-tilstandar. Så eg kjem no med 6 omveltande punkt som kan understøtta dette utsegnet:

  1. I det siste har me måtta registrera dobesøka våre
  2. Ungdommelege forslag som onsdagspils vert møtt med negativitet pga stressfaktoren dette vil føra med seg midt i veka
  3. Vestlandslefse er blitt fast kveldskos
  4. Me har ikkje hatt Partypalass-fest på uminnelege tider... Ja, dette er rystande info.
  5. Klineromma vert så godt som ikkje brukt
  6. Nokon av oss har byrja med permanent igjen. Hårrullar neste, kan ein spørje seg?

Desse opplysningane er kanskje vanskelege å fordøya, men me er eigentleg ganske som før. Og som einkvar gamleheim elskar me besøk, spesielt om dei har med gitaren, forkynner litt Guds Ord og har med kake.

Ein ting til; me skal endra navnet vårt frå Tilsammans til Vore Fruers Hvile

Helsin Ingrid- på vegne av Vore Fruers Hvile