skip to main |
skip to sidebar
Rommet de ser her har vore til mykje besvær for oss fire jentene den siste tida. Etter å ha fått forbod mot bruk av badet i ei heil veke, er det ei lukke og glede å få vaska klede, og dusja i eige hus igjen.
Så kom på besøk, for no er hygiene atter eit tema i Gardevegen.
Helsing Ingrid
Det er tidlegare annonsert at det vert adventskick-off i Gardeveien fyrstkommande helg. Denne hendinga finn stad lørdag 2.desember.
Det vert ein kveld reinspikka med aktiviteter. Blant anna kan nemnast baking, juledans, synging og årets første julegløgg
I går var me så heldige å få laga eit bordvers spesielt til Gardeveien. Då kom Knut og Johan med gitaren og nok ein nyskreven song. Den vil me gjerne dela med våre trufaste bloggvener.
Gardeveiens bordvers
Lang, lang
lang er vår reise i livet
sammen vi spiser
sammen vi drikker
Vann, vann
alt som skal til er litt kaffe
traktet med kjærlig hånd
traktet med kjærlighet
Regn, regn
solas vikar på en grå dag
skaper det grønne
på plenen vi synger ut
Tilsammans vi spiser her
takk til Gud som gir oss bær
som vi lager sylte av
etter tur i marka
Kom, Kom
kom som du er, og vil være
kjente og kjære
nå starter vi måltidet
Tilsammans vi spiser her
takk til Gud som gir oss bær
som vi lager sylte av
etter tur i marka
No er søndagen til ende, og det tyder byrjinga på nok ei veke. For å oppsummera veka som er gått i Tilsammans, trur eg det kan gjerast i eit ord: Statuttar!
Dette ordet er for oss ikkje lenger det same. Det byrja med at Bente sat på skulen sin og fann ut at ho skulle laga nokre retningslinjer for heimen vår. Ho kom då gledestrålande heim med eit flott ark ho kalla statuttar for Gardeveien. Dette skrivet endte med ein stor diskusjon rundt kjøkenbordet. Diskusjonen enda så i at alle gjekk kvar til sitt, og skreiv sine eigne statuttar for Tilsammans.
Når me no har samla desse statuttane, ser me at me har lang veg å gå. Dei fleste av desse statuttane går litt på tvers av einannan. Dei omhandlar alt frå lengden på lufttørking av oppvask, til felles leggetider og ikkje minst eit overordna verdisyn av det annet kjønn.
Me går no inn i ei ny veke med knallharde forhandlingar om kva slags syn som skal vera gjeldande i Gardeveien, og vonar at denne prosessen vil verta styrkande meir enn nedbrytande for fellesskapet vårt.
Med Helsing Ingrid