lørdag, mars 10, 2007

SKI!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!






Sola har på ny vist sitt blide åsyn, og humøret stig med fleire hakk! Snøen har begynt å forsvinna her neri byen, og fuglane synge inn våren. Men me e ikkje ferdig m vinteren nei. Denne helgå e skihelg. Gretha e på Hovden (?) m klassen, og renne telemark. Ingrid har besøk av foreldrå og har vore oppi Holmenkollen og sitt Ole Einar & co. Målf har testa ut kne og gått frå sognsvann te Holmenkollen, sett på skiskyting og spronge masse opp og ner. Livet er herlig dere!!! Hurra! Og hu kor er det vel friskt og lett, oppå fjellet! Helten e Ole Einar Bjørndalen, og han vant løpet! Gratulera! Neste helg e d 5milå. Då blir d utesoving i lavvo oppi markå frå lørdag t syndag! Kom og bli m då vel! Fortsatt god helg :)

torsdag, mars 08, 2007

Så var dagen her

Nå er dagen endeleg her! Den me har sett fram mot i atskillege månader. Vår dag; der me får feira vår kvinnelegheit på høveleg vis.

Me har sjølvklårt eit rikhaldig program i Tilsammans, og held det gåande heile dagen. Så det er berre å stikka innom, om ein kjenner at det vil vera fint å feira dagen saman med oss.

Her kjem nokre tips for gjeremål på denne festdagen. Kom gjerne med dykkar tips òg!
- start dagen med passande oppbyggande lektyre f.eks Det annet kjønn
- fortsett så med skapingsberettinga, om den fyrste kvinna; vår alles mor
- ta ein tur ned til Youngstorget og ta del i folkefesten.
- skriv ein song om bh`en som tvangstrøye, og ta den med til Youngtorget for framføring
- lag ein plakat, som du bèr med deg gjennom byn med slagordet: Eg er meir enn bare pupper og lår
- Høyr på Jenny Jensens (eller var det Heidi Hauges) sang; nå får du pinadø vaske klean dine sjøl.
- Shania Twain er òg passande musikk på slik ein dag
- Skriv eit krasst brev til Nidar, der du går til angrep på det negative kvinnesynet deira, som kjem til syne gjennom Seigedamene sine overdimensjonerte hofter.
- Filosofer over kva ein i kraft av å vera kvinne har å tilby verda

Ha ein flott dag, jenter.
Gratulerer så mykje med dagen!

tirsdag, mars 06, 2007

Underholdning



Ein får det ikkje løgnare enn ein gjere det te sjøl=) Hurra! Har du fritidsproblemer eller trenge litt underholdning, så sett i gong! Mal auer på haka, snu deg opp-ned og syng ein song! Så enkelt kan det gjerast! Men så fantastisk morsomt det e!