tirsdag, februar 27, 2007

Eit innlegg om å bli tråkka ned...........


Ein kan sei mykje om det å bli tråkka på. Ein kan føla seg både underlegen, flat, misforstått, nedvurdert, som ei vaskefille osv. I det siste har me testa ut det å bli tråkka ned, eller rettare sagt tråkka på, trødd ned i golvet! Me sit igjen med gode opplevingar. Det var som massasje. Det kan anbefalast på det sterkaste og bør prøvast. Ein får trent ulike musklar, ein får knekkt opp i "låste ting", og ein slepp å slita ut hendene på massasje. Praktisk og smart! Start å trø på kvarandre!

Ingen kommentarer: