søndag, desember 03, 2006

Så er advent i gong


Verkelegheitsteppet er på plass i Festpalasset. Advent er offisielt ynskt velkomen. Det er med andre ord juletid i Tilsammans.

Lørdag hadde me ei særdeles triveleg hending i heimen. Stova vart fylt opp av feststemte vener. Julemusikken strøymde ut frå små høgtalarar, og duft av pepperkaker sveiv ut av kjøkenet.

Av høgdepunkt kan me nemna at me fekk helsa på Trygve sin nyaste erobring. Sidan me vart så glad for kjærleiken som blomstrar, skal dei få bilete av seg på bloggen. Jostein kom og spreidde glede og fjør i heile stova med nissehua si, og melkekartongleiken bidrog til at me fekk synleggjort kven som er den sprekaste i Tilsammans.


Elles laga verkelegheitsteppet ei uvurderleg ramme rundt heimen, og gjorde sitt til at kvelden vart magisk.





Med helsing Ingrid på vegne av Tilsammans

4 kommentarer:

chrish sa...

Oi, her har någen slått på lyset. Tommel opp!

Tilsammans sa...

Så du òg va imot svartfargen. Me fekk fleire hint om at det såg ut som ein satanistblogg, og det ville me ikkje ha någe av

Trygve Bergland sa...

Jasså, så du legge ut bilde av okke i ofentligheten uten tillatelse! Det lureste som kan gjøres for andres rikdom. (Tør æ nevne saksøking for å forstyrre kjendissenes private fred??)

Ellers må æ vil si at det va et heidundrande adventskickoffparty og pepperkakefest i går!

Trygve Bergland sa...

Off, der va det himla mange stavefeil...