torsdag, august 31, 2006

Kom til høgtlesning

Her er eit bilete av Gretha sin bursdag. Den vart feira med brask og bram til stor glede og oppmuntring for kolletivet.

På bursdagen sin fekk Gretha ei bok som me har høgtlesning frå i passande stunder. Denne boka er til stor inspirasjon for oss. Me vonar at flest mogleg av våre vener får vera med på desse kveldsstundene, der me utvider horisontar, og legg grunnlag for debatt rundt kveldens tema.

Ellers vil me berre oppsummera med å sei at me er veldig glade i besøk. Her finst hjarterom, husrom, matrom og soverom. Kom kom kom!

Følg med på bloggen. Her kjem snarleg info om vår markering angåande vår inntaking av storbyen.

Ærbødigst dykkar Ingrid

Ingen kommentarer: